mandag 23. april 2012

Canneloni - lavkarbo ♥

En liten vri på lasagnen, og godt var det :)














Canneloni betyr vel pastasaus i store rør, men det
er ikkje so lett å få til. Då blir det pastasaus fylt og
rulla inn i 'pannekaker' i steden for. Og en tjukk
ostesaus på toppen.

Oppskrift til 4 'pannekaker'
2 egg
2 eggekviter
10 g bakepro
15 g ketolyse bakemiks
15 g fiberhusk
60 ml vatn


Her finn du oppskrifta laga med kokosmel :)

Pisk egga lett (Pisk også eggekvitane sånn at dei
er klar når resten er blanda sammen), og bland inn alt
det tørre. Ha so oppi vatnet og bland inn. Bland til slutt
inn den stivpiska eggekvita.
Bre røra utover ett bakepapir, so tynt som du klarer.
Det blir kanskje litt til overs, når røra blir brukt til
pannekaker. og desse er bedre til tynnare dei er.
Legg ett bakepapir over under steiking.

Steik ca 15-20 minutt på 160 grader.
Avkjøl den med feks en koppehandduk over sånn at
den ikkje blir tørr. Då sprekker den kanskje under
rulling. Men smaken blir god uansett den :)

Kjøttsausen:

400 g kjøttdeig
1 løk
1 ss smør (til å steike i)
2 ss tomatpure
1 dl kremfløte
1 dl vatn
2 dl creme fraiche
1 ts basilikum
salt og pepper
2 fedd kvitløk

Brun kjøttdeiga og etter stund brunar du også løken.
Ha oppi tomatpureen og la dette frese i lag med
kjøttdeig og løk ca ett minutt. Ha so oppi resten, og
lat alt putre ilag ca 10 minutt.

Lat bretten på 'pannekakene' ligge ned.
I forma mi var det akuurat passe plass til 4 stk.




















Eg hadde litt kjøttsaus til over og la det opp på rullane.




















Ostesaus:

2 dl fløte
1 dl vatn
2-3 ss creme fraiche
ca 2 dl raspa ost
salt og pepper

Kok opp fløte, vatn og CF, ta det av plata og bland inn
osten. rør til osten har smelta. Slå osten over rullane.




















Ha over ost, og sett det i ovnene, ca 30 minutt på 200 grader.




















Ferdig steikt, med gyllen ost :)




















Mmmmmmm, luktar godt og smakar godt :)


Klem frå Mariann,
med en matblogg som er overfylt med bilder....

søndag 22. april 2012

Blåbærparfait - lavkarbo ♥

Kjempegod dessert, og enkel å lage :)
Om du ikkje har iskremmaskin, då er parfait
isen å lage. Mmmm, nydelig parfait :)
















Har aldri tenkt over kva som er forskjella på parfait,
iskrem og sorbet.... men i dag undersøkte eg ;)
Sorbet: laga med sukkerlake. Parfait: som iskrem, men
uten å røre i den. Iskrem: jevnlig røring under innfrysing.

Oppskrift til ei 2 litersform:

400 g blåbær
1 ts vaniljepulver
3 egg
30 g tagatesse (10 + 20 g)
1 pk kremfløte

Rør (og mos) blåbæra. Eg har ein fantastisk Tupperware
dings - Quick Chef, med skarpe knivar som mosar bæra
på 1-2-3 :)

















Pisk eggeplommane, vaniljepulveret og 10 g tagatesse 
luftig.


















Pisk fløta stiv.



















Pisk eggekvitane og 20 g tagatesse stivt.
















Bland først dei piska eggeplommane oppi dei mosa
bæra. Deretter blandar du inn fløta. Og til slutt vender
du forsiktig inn stivpiska eggekvitar.

Klar til å fylle i forma.

Ett lite tips når du skal helle ei røre oppi ei form du
kler enten med bakepapir eller plastfolie: Fest papir
eller folie med klesklyper, då sitter det fast mens du
fyller forma :)









Kle forma med plastfolie før du fyller i røra.




















Parfaiten må frysast minst 4timar.










Ta opp parfaiten minst 30 minutt før servering.

Parfaiten var lett å kvelve ut av forma, og plastfolien
var lett å fjerne frå isen.



















Skal denne isen serveres i selskap kan den gjerne
pyntes med piska krem og litt blåbær på toppen.

Klem frå Mariann
med en til matblogg som er overfylt med bilder.

lørdag 21. april 2012

torsdag 19. april 2012

Kveite med sellerirotmos, bacon og eggesmør - lavkarbo ♥

Nydelig middag i dag :)
Kveite med godt tilbehør......
Kveite med sellerirotmos, baconterningar og eggesmør.



















Kveita var trekt i lettsalta vatn.

Sellerirotmos:
2-300 g sellerirot, kutta i terningar. Kokes mørt i vatn
tilsatt litt salt og 2-3 fedd med kvitløk (finhakka).
Når den er mør slår du av vatnet og tilsetter 1-2 ss smør
og en skvett fløte. Moses fint med stavmikser.

Eggesmør:
Hardkok 1-2 egg og avkjøl. Hakk det 'begge veia' i
eggedelaren. Smelt smør og slå over egga, ha en god
skvis over med sitron.

Kutt ei passe mengde med bacon i terningar og steik dei sprø
i smør.

Klem frå Mariann
med en annen blogg, for tida  litt for full med bilder....

søndag 15. april 2012

Nøttekake med vaniljekrem og sjokoladetopping - lavkarbo ♥

Nydelig nøttekake med vaniljekrem og sjokoladetopping :)












Viktig å lese heile oppskrifta før du setter i gang.
Sjokoladekremen må lagast dagen før kaka skal lagast.

Sjokoladekrem
60 g sjokolade
Eg har brukt Tagatose Milk Lait, ferdig søta
2 dl fløte
Brukar du anna sjokolade må du søte etter behov
feks til 86 % sjokolade treng du ca 22-24 g tagatesse

Varm opp fløten og ta panna av plata. ha sjokoladen
oppi i bitar. rør til sjokoladen er smelta. Sett til avkjøling
i kjøleskap. lat det stå til dagen etter. Pisk det opp med
mixar før du skal bruke den. Luftig og lett sjokoladekrem.

Nøttebotn:
4 eggekvitar
65 g tagatesse
knapt 135 g malte mandler
ca 2 ss smør
15 g bakepulver

Pisk eggkvitar og tagatesse til det er heilt 
stivt og luftig, ca 5 minutt.
Bland inn mandlar og bakepulver.
Bland til slutt inn smøret.

Haes i ei smurt, rund form - 24 cm, 
helst med bakepapir i botnen.

Steik på 160 grader, ca 35 minutt.
(Tagatesse tåler ikkje over 160 grader)
Avkjøles på rist. Har du bakepapir i botnen,
er det lett å fjerne kakeforma.

Kaka er lett å få delt i to, saftig og god.

Oppskrift på vaniljekrem. 
Greit å lage den først, so den blir kald.

2,5 dl fløte
3-4 g JBK (Johannesbrødkjernemel), ei lita ts.
4 eggeplommar
25 g tagatesse
1 ts bourbon vaniljepulver

Rør raskt inn JBK i fløten. Bland deretter inn tagatesse,
vaniljepulver og sammenrørte eggeplommar.
Varm opp til kokepunktet mens du rører heile tida.
Det skal ikkje koke. Avkjøl over kaldt vannbad, 
mens du piskar opp vaniljekremen, den blir tjukk 
og fin.Oppbevar i kjøleskap til servering.

 Ett godt lag med vaniljekrem som fyll :)


Ha sjokoladekremen på som topping. Lage fine riller
med en gaffel.

 Mmmmm, nydelig kake :)


Klem frå Mariann,

torsdag 12. april 2012

Chili con carne med revet sjokolade - lavkarbo ♥

Mmmmm, raspa sjokolade på gryte,
en ny og spennande smak :)
















ca 500 g kjøttdeig
ca 100 g sellerirot
1 løk
1 paprika
2-3 fedd kvitløk
ei passe mengde raude kidney bønner
1 pakke/boks hakka, flådde tomater (ca 400 g)
2 ts minched hot chili
oregano
salt
peppermix
Smør å steike kjøttdeig og grønsaker i.

3-4 g 86 % sjokolade å raspe, pr porsjon.
Gir en god 'spiss' på retten :)

Hakk/kutt sellerirot, løk og paprika i passe bitar.
Sellerirota pleier eg å kutte i små stavar.
Press kvitløken i presse, eller finhakke den.
brune kjøttdeiga i smøret, og tøm den oppi ei passe
panne.
Steike så grønsakene passe møre, før du har dei oppi
sammen med kjøttdeiga. Bland oppi tomat, kvitløk og
chili, og lat det putre ei stund.krydre og ha oppi
bønnene rett før severing.

Legg ei passe mengde gryte på tallerkenen og raspe
over 3-4 g 86 % sjokolade.

Du kan servere denne gryta sammen med blomkålmos
og salat som eg har gjort, eller du kan servere den med
blomkålris og feks guacamole.
Det har eg ikkje prøvd, so det står vel for tur neste gong
eg lagar denne gryta.

Klem frå Mariann,
med en annen blogg, fortida altfor full av bilder......

onsdag 4. april 2012

Kryddermuffins med appelsin - lavkarbo ♥

Mmmmm, deilige muffins med topping :)
Fant oppskrifta her på lavkarbo.no.













Oppskrift til 16 muffins:

100 g malte valnøtter/mandler 50/50.
30 g tagatesse
12-13 g fiberhusk, 3 ts
15 g kokosmasse, 2 ss
1 ts (5 ml) kanel
5 g vaniljesukker, 1 ts
15 g bakepulver, 2 ts
Skallet av 1/2-1 appelsin
0,5 dl fløte
4 egg, á ca 50 g

Når du raspar skallet av appelsina, er det kun det
ytterste, oransje skallet som raspes av.




















Pisk egga godt, bland i fløte og appelsinskall og pisk
litt til. Bland godt inn alt det tørre og la det svelle ca 10 min.

Sett ovnen på 180 grader.

Fordel røra i  muffinsformene, eg hadde 25 gram i kvar form,
og fikk då 16 muffins.
Steik i 15 minutt med bakepapir over heile tida.
















Desse muffinsane vart saftige, men samtidig passe tørre.


























Eg laga topping til muffinsane :)

100 g filadelfia ost
50 g smelta smør
1 ts vaniljesukker
17-18 g tagatesse

Bland alt sammen i en bolle og pisk godt med miksar.
Fordel utover muffinsane, gjerne med sprutepose, men
det er ikkje nødvendig å ha.
















Klem frå Mariann :)
Med en matblogg til, som for tida er for full av bilder.

søndag 1. april 2012

Valnøttmarsipan - lavkarbo ♥

Då har eg laga knallgod marsipan, av valnøtter :)













Dette er andre forsøk, og eg er fornøgde. På
første forsøk malte eg valnøttene med stavmiksar,
og massen vart alt for feit. Det beste er å male
nøttene med kvern, då blir ikkje feitt frigitt på
samme måte.















Denne marsipandeiga vart smidig og knallgod å
jobbe med. Lett å trille ut i pølser og til kuler.







Trur det er viktig å vere veldig nøyaktig med vekt,
om en skal ha ett godt resultat her.

Oppskrift til ca 250 g ferdig marsipan,
som gir 30 passe små kuler:




















155 g valnøtter, malt på fin innsats med TW-kvern
52 g eggekvite
30 g tagatesse
1 ts vaniljesukker
1/2 ts tragant

Bland alt det tørre sammen, før du blandar inn
eggekviten. Kna til ei smidig deig. Du kan godt la
deigen få ett opphold i kjøleskapet, innpakka i plast,
før du lagar kuler. Men det er ikkje nødvendig.

Sjokoladetrekk til denne porsjonen er knapt 50 g,
eg brukte 70 % sjokolade.
Eg smelta den i mikro. Men den kan selvfølgelig
smeltes over vannbad også.

Når eg dyppar kulene i sjokolade, er denne
potetgaffelen ett perfekt redskap. Kjøpte den på
Til Bords, for 69 kr.














Lat sjokoladen dryppe av før du legger kulene til
'tørk'.




















La kulene ligge ei stund i kjøleskapet før du legger
dei i ei boks, for oppbevaring i kjøleskapet.
















Då er påskemarsipanen klar :)

Dette er muligens berre en provisorisk blogg.....
får sjå kvar og kordan blogginga blir vidare....
blogging blir det iallefall :)

Klem frå Mariann, med en til matblogg :)
som for tiden er fulllasta av bilder......