søndag 10. februar 2013

Bollar - lavkarbo ♥

Oppskrift på bollar:
Oppskrifta fant eg hos 'Fristende lavkarbo' :)
Eg har berre gjort måla om til gram, der det er mulig.
Då blir oppskriftene meir nøyaktige syns eg :)
 
Desse bollane passar nok best med søtt pålegg,
og som fastelavensbollar pga kokosmelet, som er 
ganske søtt på smak.




4 egg 
35 g tagatesse
50 g smør
1 dl fløte
60 g kokosmel
10 g bakepulver
35 g fiberhusk
1 ts (5ml) kardemomme

Visp egg og tagatesse til eggedosis.

Mål opp alt det tørre.

Smelt smør, og ta panna frå plata - hell oppi fløten.

Ha fløte/smør i eggedosisen og bland godt.

Ha alt det tørre oppi det våte, og visp godt sammen
Lat det stå og svelle ca 10 minutt.
Sett ovnen på 160 grader.

Ha våte fingrar når du trillar bollane, då blir det 
lettare å trille runde, fine bollar.
9 små bollar får du av denne oppskrifta.
Dei hevar litt under steiking. 160 grader, 18-20 minutt.

Til avkjøling.

Mmmmmm, dei luktar godt :)

Og smakar himmelsk, dette var bollar - JIPPI :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar