søndag 17. februar 2013

Eg har laga kokebok - lavkarbo ♥


Eg har laga kokebok av favorittoppskriftene mine.
Boka kan kjøpes på nett.




















Ingrediensane til alle middagsrettane finn du i
dagligvarebutikken din, og er ikkje noke hokus Pokus :)

I bakverk og snop, der en kuttar ut mjøl og sukker,
må en nødvendigvis bruke alternative produkt.

Ikkje alle disse finn du i dagligvarebutikken, men
dei finnes på helskost og apotek.

Dei fleste av dei kan også kjøpast på iHerb, en flott
amerikansk nettbutikk. Der får du varene mykje billigare
enn på en norsk butikk. Portoen er også rimelig, 6 dollar.
Berre huske å handle for under 200 kr, og under 1,8 kg.
Dette får du beskjed om mens du handlar. Lett å komme inn i.

Tagatesse - helsekost.
Sukrin/sukrinmelis Sukrinmelis får du på helsekost og dagligvare
Bourbon vaniljepulver - på helsekost
Fiberhusk - helsekost og dagligvare
Johannesbrødkjernemel - helsekost og dagligvare
Cocosa pure coconut oil - på helsekost
Xanthan Gum - dette har eg funne kun på iHerb
BakePro - helsekost
Ketolyse bakemiks - helsekost
Fibrex/sukkerroefiber - helsekost
Kokosmel - helsekost
Mandelmel, avfetta - helsekost
Pofiber - helsekost og dagligvare
Yaconsirup - helsekost
Peppermynteolje - apotek
Vanila stevia dråpar - på helsekost
Tragant/indisk tragant - apotek

Når det står mandelmel i oppskriftene, er det avfetta mandelmel
som er brukt. Ellers er det malte mandler som er brukt.
Og det lagar du enkelt sjøl, med ei enkel mandelkvern.

Eg har delt boka mi inn i tre kapitler.....
* alt innen middag og tilbehør
* alt innen bakverk
* alt innen kaker og søtt

Håpar at boka fell i smak :)
Og del gjerne salgslenka mi :)

torsdag 14. februar 2013

Kylling, surra i serranoskinke - lavkarbo ♥

Når kyllingen blir steikt på denne måten, får den en veldig
god smak frå seranoskinka, og den blir saftig og mør :)















 3-4 porsjonar.















Kyllingen:

4 stk kyllingfiletar
2-3 serranoskinkeskiver til kvar filet
Smør til steiking
Bitte litt med salt (egentlig ikkje nødvendig)

Sausen:

200 g sellerirot
2-3 fedd kvitløk
1 beger kyllingfond (til 0,5 liter væske)
2 ts tomatpuré
ca 3 dl fløte
ca 2 dl vatn (Spe på med meir om det er nødvendig)
ca 100-150 g paprika

Grønsakene:

1 stor paprika
1 stor løk
1 boks babymais
1 blomkål
1 brokkoli

 















Først kyllingen: skjer vekk det som er litt stygt på kyllingfileten.
Strø ørlite salt på kyllingen (er kanskje ikkje nødvendig),
surr så 2-3 serranoskinkeskiver rundt kvar kyllingfilet.
Pass på at skøyten er ned. Ha smør i ei steikepanne med
middels varme. steik so vidt på kvar side av filetane. Legg
filetane i ei eldfast form og slå over steikesmøret frå
steikepanna, sett forma i ovnen. 150 grader, ca 40 minutt.
Ta dei så ut, legg over aluminiumsfolie og lat dei kvile til
resten av maten er ferdig, 10-15 minutt.


















Så sausen: Kutt opp ca 200 g sellerirot i terningar og kok det godt
mørt i vatn, ca 20 minutt. Slå vekk kokevatnet. Moses godt
med stavmikser. Tilsett kvitløken, pressa i kvitløkspresse
eller finhakka. Ha også opp i kyllingfonden, tomatpuré,
fløte og vatn. Finhakk paprika og ha oppi ei stund før den
er ferdig kokt. Sausen kan putre heilt til den skal serverast.

Og så grønsakene: Forkok blomkål og brokkolibukettar, 4-5 minutt.
(Det kan du gjere samtidig som du kokar sellerirota til sausen)
Kutt løk og paprika i passe store bitar.
Steik så  alle grønsakene i passe varm steikepanne eller wok,
med smør. På slutten av steiketida slår du smøret/skya frå kyllingen
over grønsakene, for å sette god smak.


Enkel og god rett. Og det treng ikkje ta so lang til å tilberede ett
måltid frå grunnen av, om du planlegger skikkelig :)
Dette lager du på en liten time.

søndag 10. februar 2013

Vaniljekrem - lavkarbo ♥

Du får ikkje bedre vaniljekrem, enn den du
lagar av eggeplommar, fløte og ekte vanilje
















Vaniljekrem:

1,25 dl fløte
4 eggeplomma
1 ts bourbon vanilje
ca 20 g tagatesse

Bland alt i panne og varm opp under omrøring heile tida.
Det vil tjukne ettersom det blir varmt.
Om du ikkje får det tjukt nok, kan du ha oppi ei eggeplomme
til. Det vil bli tjukt nok. Kjøl ned i kjøleskap.

Om du vil bruke vaniljestang isteden for vaniljepulver
(har ingenting å seie for smaken), lar du stanga ligge å trekke
i fløten før du har oppi eggeplommane. Ta ut stanga før
du har oppi eggeplommane. Eller du kan bruke frøa, som
du skrapar ut av vaniljestanga.
Men det enklaste er å bruke vaniljepulver, det svarte (bourbon).




















Ta så 1,25 dl fløte og pisk til krem, og bland med den
avkjølte vaniljekremen, som du piskar litt 'opp' først.
Voila, nyyyydelig vaniljekrem.



















Brukes på feks fastelavensbollar eller som kakefyll :)

















Bollar - lavkarbo ♥

Oppskrift på bollar:
Oppskrifta fant eg hos 'Fristende lavkarbo' :)
Eg har berre gjort måla om til gram, der det er mulig.
Då blir oppskriftene meir nøyaktige syns eg :)
 
Desse bollane passar nok best med søtt pålegg,
og som fastelavensbollar pga kokosmelet, som er 
ganske søtt på smak.




4 egg 
35 g tagatesse
50 g smør
1 dl fløte
60 g kokosmel
10 g bakepulver
35 g fiberhusk
1 ts (5ml) kardemomme

Visp egg og tagatesse til eggedosis.

Mål opp alt det tørre.

Smelt smør, og ta panna frå plata - hell oppi fløten.

Ha fløte/smør i eggedosisen og bland godt.

Ha alt det tørre oppi det våte, og visp godt sammen
Lat det stå og svelle ca 10 minutt.
Sett ovnen på 160 grader.

Ha våte fingrar når du trillar bollane, då blir det 
lettare å trille runde, fine bollar.
9 små bollar får du av denne oppskrifta.
Dei hevar litt under steiking. 160 grader, 18-20 minutt.

Til avkjøling.

Mmmmmm, dei luktar godt :)

Og smakar himmelsk, dette var bollar - JIPPI :)

søndag 3. februar 2013

Snickerssjokolade - lavkarbo ♥

Nam nam, salte peanøtter og karamell/sjokolade ♥ 














Denne oppskrifta gir 16 passe snickerssjokoladar.

2,5 dl fløte
ca 70 g yaconsirup (2 gode ss)
75 g tagatesse

Bland det godt i ei teflonpanne og late det putre godt
i en times tid, kanskje litt lenger.

Når det er tjukt nok.......

Ta vanntest innimellom, for å sjå om karamellene er
stive nok.
Du drypper litt karamell i kaldt vatn, og då ser du stivheita
det blir på ferdige karameller.

....... tar du oppi ca 100-150 g peanøtter (gjerne hakka litt)
og blander det inn.

Når eg laga 'kubbane hadde eg på meg engongshanskar.
Praktisk, for det er litt feitt å holde på med ;)













Sett kubbane i kjøleskap (eller ei stund i frysaren) før
sjokoladen skal haes på.

Smelt sjokoladen i vannbad, eg hadde litt reste'fest' i dag,
frå den supersøte fra sukkerfritt til Girardelli 100 % kakao.



















Smelte sjokoladen og late den stivne igjen pitte litt.
Ha på sjokolade med ei teskje eller du kan dyppe kubbane
i sjokoladen. En treng ikkje sjokolade på undersida.

Oppbevar i ei metallboks i kjøleskap, so lenge du
klarer c",)

Om Yaconsirup og FOS:
Yaconsirup innholder ca 70 g karber pr 100 g, men 38 av
dei er FOS, som ikkje tas opp i tarmen og påvirker derfor
ikkje blodsukkeret. Og den har også en GI på +/- 5.

fredag 1. februar 2013

Salte mandelkjeks - lavkarbo ♥

Gode, salte kjeks for ost og kjeks :)
Fant oppskrifta her, på lavkarbo.no.











Denne oppskrifta gir 20-25 kjeks, alt etter kor tynne
en vil ha dei.

2 dl malte mandler
1 dl sesamfrø
2 eggekvitar (3 om dei er bittesmå)
1/2 ts salt
ei lita ts green canderel steviapulver
2 ts fiberhusk
Maldonsalt, til å strø på kjeksa

Blande alt det tørre, og bland deretter eggekvitane inn.
Blande godt, og late det svelle litt. Trillesmå kuler, og trykke
dei flate med fingrane.
Når deiga har fått svelle litt før en lakar kjeksa, er den lett
å arbeide med.
Strø på saltet før steiking.




















Eg laga 20 kjeks av denne oppskrifta, men neste gong lagar
eg 25, for eg vil ha dei litt tynnare. Men det er ei smakssak.

Steike dei på 180 grader, 10-15 min til dei er lett gylne.
Avkjøl på rist.





























Gode kjeks til mange ulike ostar, blandt anna desse.




















Ett lite tips:
Ett teflonbakepapir er genialt å bruke, både til kjeks og
knekkebrød. Ingenting vil henge fast.
50 kr for ett papir på feks Mega. Men det er verdt kvar
einaste krone, det kan brukes 1000 ganger :)