fredag 9. november 2012

Pepperkaker - lavkarbo ♥

Gode pepperkaker, men ikkje so kjekssprø som kjøpekakene.




















300 g avfetta mandelmel eller
dette frå iHerb, eller 50/50.

Eg brukte 50/50, er usikker på om det er heilt 
det samme som avfeitta mandelmel.

75-80 g tagatesse
3 ts kanel
1/2-1 ts ingefær
1/2-1 ts nellik
1/2 ts pepper
1 ts bakepulver

Kjem litt an på kor nytt krydderet ditt er.
Det taper smak etterkvart ved lagring.

1,75 dl fløte
75 g smør
75 g yaconsirup

Eg hadde oppi 1 ts tragant og 1 ts Xanthan Gum,
men det er ikkje sikkert det er nødvendig.

Bland smør, sirup og tagatesse og varm opp dette, rør til
tagatessen har løst seg opp.
Ta det vekk frå plata og avkjøl det litt. Rør deretter inn fløten.
Blande inn alt det tørre og blande dette godt sammen.

Eg pakka det so inn i litt plastfolie og lot det ligge ei
stund i kjøleskapet.

Kna det godt før utkjevlig, for å få deigen mjuk.

Ha eit bakepapir under (med en handduk under der igjen)
og ein plastpose over, når du kjevlar.
Kjevle det ut ganske tynt. Stikk ut figurar.













Steikes på 160 grader, 12-15 minutt. Pass på so dei ikkje blir brent.

Oppbevares i ei tett kakeboks.