søndag 27. januar 2013

Knekkebrød - lavkarbo ♥

Har laga knekkebrød før, men det er ei stund sida sist.
Trudde eg hadde blogga ei oppskrift, men fant ingen.
















So då kjem det ei oppskrift no.
Denne frå boka 'Fristende lavkarbo', også lik
Dr. Hexeberg frøknekkebrød.

Uansett opphav og navn, knallgode knekkebrød :)

32 knekkebrød, 16 pr bakebrett.

2 dl solsikkekjerner
1 dl linfrø (eg brukte 50/50 malte/heile)
1 dl sesamfrø
2 dl malte mandler (eg brukte mandelmel frå iHerb)
2 ss fiberhusk
1 ts salt
5 dl vatn

Bland alt det tørre i en bakebolle. Hell opp i vatnet.
Bland godt, det vil vere litt flytande til og begynne med.
Stryk utover plata med slikkepott med en gong den tjuknar litt.

Fordeles på 2 bakebrett, som er kledde med bakepapir.
Det sies at knekkebrøda har lett for å henge fast i billig
bakepapir.... vel mitt var billig og det hang fast. So eg skal
prøve med ett 'originalt' neste gong.

Eg har ikkje varmluftsovn, so då er det ett brett i gangen.

150-160 grader, knapt en time, følg med tida. Ta dei av papiret
og legg dei på ei rist. Slå av ovnen og lat knekkebrøda tørke
ei stund med åpen ovnsdør.
Gjenta det samme med brett nr 2.

Har du varmluftsovn, kan begge bretta steikes samtidig.

Oppbevares i metallboks på benken.

onsdag 16. januar 2013

Pizzaform - lavkarbo ♥


En ny vri på pizzaen, denne gangen ganske grønsaksrik :)













Passer til ei form på ca 30 x 40 cm.

Botnen:

1 stort blomkål
100 g naturell smøreost
150-200 g kvitost
(eg brukte 50/50 cheddar og norvegia)
salt og pepper

Kok blomkål, men la det vere litt crunchy.
Hell over i ei sil, og trykk ut alt vatnet. Bland inn osten.

Mos det so fint du vil ha det. Eg brukte en 'kålrabistappe'moser,
men du kan også bruke en stavmikser.

Haes opp i ei bakepapirkledd form.
























Lag pizzafyll:

Kjøttdeig, løk, paprika, kvitløk (finhakka), skinnfrie tomater,
tomatpuré, salt, peppermiks, cayennepepper og oregano
(eller andre krydder)

Brune kjøttdeigen, på slutten har du opp i paprika og løk. Brun lett.
Ha oppi alt det andre og lat det putre ei lita stund.

Ha fyllet opp på blomkål/ostebotnen.

Topp med ost. Steikes ca 30 minutt på ca 200 grader.

fredag 11. januar 2013

Blomkålform, nydelig poteterstatning - lavkarbo ♥

Denne oppskrifta fant eg her på lavkarbo.no.
Opskrifta er Nannah si.

Har endra den pitte litt berre.













Ei stor form:
2 passe store blomkål i bukettar.
1 beger Philadelfiaost (200 g)
300 g raspa ost (50/50 Jarlsberg/Norvegia) det var det eg hadde.
salt, pepper og paprikapulver
smør å steike i, og 2-3 klattar på toppen av forma.













Eg hadde ikkje purre, derfor er det ikkje med.

Kok blomkål i vatn (med litt salt) til det er knapt kokt, bør fortsatt
vere litt crunchy. Hell blomkålen i en sil, og press ut vatnet, skal
ikkje moses. Haes i ei passe stor ildfast form. Bland inn ost
(både smøreost og raspa). Salte og pepre litt. Strø paprikapulver
på toppen.
Steikes på 200 grader ca 30 minutt.
Dette er ei kjempegod poteterstatning til alt kjøtt/pølser/mår/bacon
som blir steikt eller grilla.

Eg hadde også steikt sopp, løk, paprika og squash til.


Fikk en følelse av å spise bakt potet :)