lørdag 13. april 2013

Pavlova - lavkarbo ♥

Har prøvd å lage Marengsbotn før, med tagatesse..
og det var ikkje vellykka.

No har eg prøvd igjen, med sukrin +, og det vart
en skikkelig innerTIER :) Knallgod smak og
konsistens; sprø og 'tørr'.

Då blir det PAVLOVA

















Marengsbotn:
3 eggekviter
75 g sukrin +
1/2 ts hjortesalt
pitte litt salt
1 ts vaniljesukker (heimelaga med sukrinmelis og vaniljestang)

Piske først stive eggekvitane, ha deretter sukrinen oppi,
og pisk vidare. Dette skal vere veldig stivt.
Til slutt drysser du oppi hjortesalt, salt og vaniøjesukker
og piskar det inni.

Fordel 'røra' på ei bakepapirkledd bakeplate, 24-26 cm
i diameter. Eller to små kakebotnar, ca 19-20 cm.

Sett brettet i oppvarma ovn.

100 grader, ca 2 tima og 15 minutt.
So lav temperatur, for denne botnen skal tørke, ikkje
steike.

Ta den ut av ovnen og avkjøl den heilt før bruk.

Fyll: Vaniljekrem

1,25 dl fløte
4-5 eggeplomma
1 ts bourbon vanilje
ca 20 g tagatesse

Bland alt i panne og varm opp under omrøring heile tida.
Det vil tjukne ettersom det blir varmt.
Om du ikkje får det tjukt nok, kan du ha oppi ei eggeplomme
til. Det vil bli tjukt nok. Kjøl ned i kjøleskap.

Om du vil bruke vaniljestang isteden for vaniljepulver
(har ingenting å seie for smaken), lar du stanga ligge å trekke
i fløten før du har oppi eggeplommane. Ta ut stanga før
du har oppi eggeplommane. Eller du kan bruke frøa, som
du skrapar ut av vaniljestanga.
Men det enklaste er å bruke vaniljepulver, det svarte (bourbon).

Ta så 1,25 dl fløte og pisk til krem, og bland med den
avkjølte vaniljekremen, som du piskar litt 'opp' først.

Legg avniljekremen opp på botnen,
og pynte med blåbær og bringebær.... eller andre bær.

Nyyytes
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar