torsdag 14. februar 2013

Kylling, surra i serranoskinke - lavkarbo ♥

Når kyllingen blir steikt på denne måten, får den en veldig
god smak frå seranoskinka, og den blir saftig og mør :)















 3-4 porsjonar.















Kyllingen:

4 stk kyllingfiletar
2-3 serranoskinkeskiver til kvar filet
Smør til steiking
Bitte litt med salt (egentlig ikkje nødvendig)

Sausen:

200 g sellerirot
2-3 fedd kvitløk
1 beger kyllingfond (til 0,5 liter væske)
2 ts tomatpuré
ca 3 dl fløte
ca 2 dl vatn (Spe på med meir om det er nødvendig)
ca 100-150 g paprika

Grønsakene:

1 stor paprika
1 stor løk
1 boks babymais
1 blomkål
1 brokkoli

 















Først kyllingen: skjer vekk det som er litt stygt på kyllingfileten.
Strø ørlite salt på kyllingen (er kanskje ikkje nødvendig),
surr så 2-3 serranoskinkeskiver rundt kvar kyllingfilet.
Pass på at skøyten er ned. Ha smør i ei steikepanne med
middels varme. steik so vidt på kvar side av filetane. Legg
filetane i ei eldfast form og slå over steikesmøret frå
steikepanna, sett forma i ovnen. 150 grader, ca 40 minutt.
Ta dei så ut, legg over aluminiumsfolie og lat dei kvile til
resten av maten er ferdig, 10-15 minutt.


















Så sausen: Kutt opp ca 200 g sellerirot i terningar og kok det godt
mørt i vatn, ca 20 minutt. Slå vekk kokevatnet. Moses godt
med stavmikser. Tilsett kvitløken, pressa i kvitløkspresse
eller finhakka. Ha også opp i kyllingfonden, tomatpuré,
fløte og vatn. Finhakk paprika og ha oppi ei stund før den
er ferdig kokt. Sausen kan putre heilt til den skal serverast.

Og så grønsakene: Forkok blomkål og brokkolibukettar, 4-5 minutt.
(Det kan du gjere samtidig som du kokar sellerirota til sausen)
Kutt løk og paprika i passe store bitar.
Steik så  alle grønsakene i passe varm steikepanne eller wok,
med smør. På slutten av steiketida slår du smøret/skya frå kyllingen
over grønsakene, for å sette god smak.


Enkel og god rett. Og det treng ikkje ta so lang til å tilberede ett
måltid frå grunnen av, om du planlegger skikkelig :)
Dette lager du på en liten time.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar