søndag 2. februar 2014

Kyllinggryte/suppe - lavkarbo ♥

Av dette får du ei god kyllinggryte/suppe.


























1 heil, rå kylling

1 pk fløte
2-3 ss creme fraiche

3 eple
2 gulrot
1 boks babymais
1 raud paprika
1 gul paprika
1 oransje paprika
4 chalottløk
300 g sellerirot

karri
salt

7,5 dl kyllingkraft som du lagar sjøl.

Aller først:
Skjer ut 2 fine brystfiletar, del frå lår og vinger.

















Ta alle restar og hiv oppi ei panne med vatn, gulrot, shalottløk og eple.
Kok kraft. Lat det koke minst en time.


















Kyllingbryst, vinger og lår, steiker du i ein steikepose ilag med gulrot,
shalottløk og eple. Krydre først med karri og salt. 125 grader, ca 20-25 min.

















Del sellerirota i terningar. Kok sellerirota mør i kyllingkrafta, ca 7,5 dl,
og mos med stavmiksar når det er ferdigkokt.
Det er den mosa sellerirota som jevnar gryta.

Bland mosa sellerirot, fløte og creme fraiche i ei gryte. Del paprika og
babymais i passe bitar, og putt i gryta.
Krydre med karri og salt etter ønske. Rens og del dei ferdig steikte
kyllingfiletane/låra/vingene og ha dei i mot slutten av putretida.















Serveres rykande varm :) Vel bekomme :)


onsdag 20. november 2013

Mint-konfekt ala after eight - lavkarbo ♥

Mint-konfekt som smeltar på tunga,
og smakar himmelsk godt ♥♥♥


20 g delfiafett
50 g sukrin + OBS dette er sukrin tilsett stevia.
50 g tagatesse
4 ss kremfløte
7 dråpar peppermynteolje (Ikkje bruk meir)
(kjøpes på apotek)
1/2 ts indisk tragant
(kjøpes på apotek)

Sjokolade over/under, ca 75 gram x 2 
Eg brukte Cavalier milk, søta med stevia


Smelt ei plate sjokolade og smør den utover

ei form på ca 15 x 20 cm. Sett den i kjøleskapet.
Lag minten:
Smelt delfiafettet, og ha i fløte og olje. Pisk inn 
sukrin + med visp, visp godt.
Kok opp under omrøring, på svak varme. 
Blandinga skal bli blank og sukrin
skal smelte. Når sukrin + ha smelta tar du panna frå plata.
Siden tagatesse ikkje tåler so godt varme, kan du piske inn 
tagatessen uten at blandingen koker. Piske veldig godt .
Når både tagatessen og sukrinen har smelta, og massen har 
blitt seig og smidig drysser du over traganten, mens du
visper kraftig sånn at ikkje traganten klumpar seg.

Smør minten oppå sjokoladetrekket. Sett det i 
kjøleskapet. Smelt siste sjokoladeplata på
samme måten som sist. Stryk det oppå minten.
Og so en siste tur i kjøleskapet.

Del mint-konfekten i bitar, og oppbevar i ei boks i kjøleskapet.

søndag 27. oktober 2013

Surkål - lavkarbo ♥

I dag har eg endelig prøvd å lage surkål, og det var kjempegodt :)

En stor porsjon, tilsvarer ca 3 pk kjøpt surkål.



















1 kg kål
2 epler
1 ts salt
1 ts karve
ca 1 dl kraft
ca 1 ss eddik
ca 1 ss tagatesse

Finsnitte kålen og skjær epler (uten skall) i tynne skiver
eller små bitar.
Legg kål, eple, salt og karve lagvis. Lagar du rødkål, ha oppi
eddiken med en gong sånn at fargen på kålen bevares.

Bruk aldri jerngryte, då blir surkålen mørk på farge.

Slå over krafta, og lat det putre under lokk i 1-1 1/2 time.
Riste litt i panna underveis, sånn at kålen ikkje festar seg i botnen.
Lat det putre til kålen er mør. Spe med litt kraft underveis,
om det blir tørt.

Smak til surkålen med eddik, tagatesse og salt.

Surkålen kan fryses.



tirsdag 21. mai 2013

Yoghurtmousse med blåbær - lavkarbo ♥

Frisk og god dessert, der du velger bær/smak etter eget ønske.
















150 g kesam
150 g russisk yoghurt
100 g blåbær, mosa
2 eggekviter
30 g tagatesse
4 gelantinplater
1 ts bourbon vaniljepulver
2-3 ss kokande vatn
50 g blåbær til pynt

Legg gelantinplatene i kaldt vatn i ti minutt.
Bland kesam, yoghurt, mosa blåbær og vanilje godt
i ei skål.
Du kan selvfølgelig bruke tyrkisk- eller gresk yoghurt.
Piske eggekvite og tagatesse stivt. Piske eggekvitane litt
før du har oppi tagatessen.
Rør gelantinen (press først ut det kalde vatnet) ut i det kokande
vatnet og rør den inn i kesam/yoghurt-blandinga.
Vend so forsiktig inn deni stivpiska eggekvitane.
Hell blandinga opp i ei skål. Dryss over dei heile blåbæra til pynt.

tirsdag 7. mai 2013

Fløtegratinert rettich - lavkarbo ♥

Fløtegratinert rettich... veldig godt, faktisk endå bedre enn
fløtegratinert sellerirot.
















Men kva er rettich? Jau, det er en kinesisk reddik, og
lav på karbohydrater. Varierer litt kva dei ulike sidene
oppgir som mengde karber, men det ligg frå 2,5 til 4.




















Og smaken er god både rå og gratinert. Som rå har den
en ganske mild reddiksmak. Den vil derfor vere veldig
god i råkostsalater, enten i tynne skiver eller grovraspa.

Og eg har altså gratinert den.

Fikk tips om denne retten på Hansel og Gretel-bloggen.

Eg hadde ingen smakssterk ost, men det funka fint med vanlig
Norvegia, og rettichen kan heilt sikkert brukes på lik linje med
sellerirota.

Eg skrelte rota, og skiva den i tynne skiver.
kokte den ganske mør, ca 30 minutt i lettsalta vatn.
Eg slo av kokevatnet i ei sil, og lot vatnet renne godt av.

















La rettichen lagvis med ost (hos meg altså norvegia). So blanda
eg creme fraiche og fløte fifty-fifty. Pressa opi ett par fedd med
kvitløk. Salta og pepra litt.
Dette helte eg over rettichen og toppa det med ost.

Mengder bestemmer du sjøl her. Fløte/creme fraiceblandinga
kan dekke rettichen so vidt, før du toppar med ost.

Steikte det ca 40 minutt på ca 200 grader.

Rettichen oppførte seg litt meir som poteter synes eg (sjøl om
den ikkje innholder stivelse altså). Ferdig gratinert vart denne
retten litt fastare i konsistensen enn når eg brukar sellerirot.

Og som dag nr 2 var den om mulig enda bedre enn dag nr en.

Eg serverte den til kylling, surra i serranoskinke, med masse
soltørka tomater under skinka. Ingen andre krydder; skinka og
tomatane setter rikelig smak. Det enkle er ofte det beste.
Eg gav kyllingen ett par minutt på kvar side på steikepanna,
deretter inni ovnen i ei ildfast form. Ca 20 minutt på 200 grader.

Rettichen skal iallefall brukast meir. Kjem til å prøve ut litt
forskjelige bruksområder. Ei spennande grønsak.

søndag 28. april 2013

Fløtegratinert klippfisk - lavkarbo ♥

Dette har eg tenkt på å lage lenge, og jammen var det godt.
Og veldig enkelt å lage, en må berre tenke på det dagen i forveien.
For klippfisken må leggast i vatn.
















Til ei form, 4-5 porsjonar.

400 g klippfisk

Denne brukte eg, vatna den ut 14-15 timar, skifta vatn en gong.




















Ei stor sellerirot
Knapt 2 pk fløte
3-4 gode ss creme fraiche
3-4 fedd kvitløk
salt og pepper

2-300 g bacon, i terningar

Dei grønsakene du ønskar, eg brukte blomkål og brokkoli

1. Legg klippfisken i vatn kvelden før


















2. Trekk klippfisken i vatn - 10-15 minutt.

3. Kutt sellerirota i skiver. Ha fløte, cf, kvitløk (pressa eller
finkutta) i ei panne. Koke det opp, og ha i sellerirota. Lat dette
putre til sellerirota er mør, og fløten har fått tjukne en del.
Det kan godt vere bra med fløte her, for vi vil ikkje at fisken
skal bli tørr.
Om du vil, kan du ause opp litt av fløten og vispe inn ett egg
eller to og tilsette dette igjen rett før du slår sellerirot og fløte
klippfisk i forma.

4. Legg klippfisken i botnen på forma.















5. Slå sellerirota over fisken.














Steikes ca 30 minutt på ca 200 grader.

Mens du ventar på forma i ovnen, steiker du baconterningane.

Velbekomme.




















lørdag 27. april 2013

Kyllingform med sopp - lavkarbo ♥

En variasjon på bruk av kylling. Enkelt og smakfullt.













 Dagens ingredienser til ca 4 personar:

















1 passe stor sellerirot
4-5 kyllingfileter
4-500 g sopp, den du likar best eller får tak i.
Eg brukte sjampinjong i dag, men Aromasopp og
Østerssopp er også godt.

3-4 fedd kvitløk
1 pk fløte
3-4 ss creme fraiche
ost til topping
olje til marinering av kyllingen
paprikapulver
pepper
salt

Del kyllinfiletane i passe terningar og mariner i
olje, paprikapulver og pepper.
Lat det gjerne stå over natt, iallefall so lenge du har tid.

Del sellerirota i tynne skiver, og ha den oppi ei panne ilag
med fløte, CF, pressa/finkutta kvitløk, salt og pepper.
Lat dette putre til sellerirota er mør, 15-20 minutt iallefall.

Ha sellerirota i ei ildfast form.

Steike kyllingterningane på passe sterk varme. Salte når du
har fått 'steikeskope' på den.
Legges opp på sellerirota, når den er ferdig steikt.

Del soppen  i passe tynne skiver, og steik den. Litt og litt
i gangen. Når alt er steikt saltar og peprar du soppen litt.
Ha soppen på toppen i formaog 'dytte' kylling og sopp litt
forsiktig nedi fløten.
Ha ett godt lag med ost på toppen.

Steikes ca 30 minutt på 200 grader.

Serveres gjerne med en god salat.